Periferieininga Kilkís
Periferieininga Kilkís Περιφερειακή ενότητα Κιλκίς | |
---|---|
| |
Periferi | Sentral-Makedonía |
Hovudstad | Kilkís |
Folketal | 70 477 (2021[1]) |
Areal | 2 519 km² Rangering 25. |
Folketettleik | 28/km² |
Kommunar | 2 |
Postnummer | 61x xx |
Retningsnummer | 234x0 |
Bilnummer | KI |
Heimeside | www.kilkis.gr |
Periferieininga Kilkís (gresk Περιφερειακή ενότητα Κιλκίς, Periferiakí enótita Kilkís) er eit periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden er Kilkís og periferieininga grensar til Pélla i vest, Thessaloníki i sør, Sérres i aust og nabolandet Nord-Makedonia i nord.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Fjellet Páiko ligg i vest, vestlege delar av Kerkíni i nordaust og Kroússia i aust. Doiránisjøen ligg i nord.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Dei sørlege områda av dalen langs elva Axiós (Vardar) har middelhavsklima, elles er klimaet hovudsakleg kontinentalt med kalde vintrar i høgareliggande område.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Områda som i dag utgjer periferieininga bestod av fleire kongerike før det vart invadert av Makedonia, som seinare styrte over området. Styret deira enda etter den tredje makedonske krigen og det vart ein del av Romarriket. Etter at Romarriket vart delt i to i 395 vart Kilkís ein del av Austromarriket. Det vart så gjeve til Bulgaria og vart busett av bulgarar. På 1400-talet kom området inn under Det osmanske riket, som hadde det fram til den første balkankrigen i 1912, då det vart teke av Bulgaria igjen. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren området og det vart endeleg annektert og ein del av Hellas. Mange grekarar frå Litleasia kom til Kilkís etter den gresk-tyrkiske krigen i 1922 og som følgje folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia skildra i Lausannetraktaten. Området vart då igjen gresktalande.
Fram til 1939 var området ein del av Thessaloníki prefektur, før det vart eit eige prefektur og frå 2011 ei periferieining. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen måtte mykje av Kilkís byggjast opp att. Folketalet auka, men mange emigrerte òg frå landet.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare var Kilkís eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i to kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Kilkís | Peonía | Polýkastro | 612 00 | 23430-2 |
Gouménissa | 613 00 | 23430-4 | ||
Axioúpoli | 614 00 | 23830-3 | ||
Evropós | 610 02 | 23430-6 | ||
Livádia | 614 00 | 23430-3 | ||
Kilkís | Kilkís | 611 00 | 23410-2 til 7 | |
Kroússa | 611 00 | 23410-4 | ||
Doiráni | 610 03 | 23410-9 | ||
Khérso | 610 02 | 23410-5 | ||
Mouriés | 610 03 | 23410-31 | ||
Pikrolímni | 570 01 | 23431-9 | ||
Gallikós | 611 00 | 23430-42 |
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Kilkís | Kilkís | 22 014 | 23 182 |
Polýkastro | Peonía | 7 064 | 6 602 |
Gouménissa | Peonía | 3 609 | 3 292 |
Axioúpoli | Peonía | 2 897 | 2 729 |
Evropós | Peonía | 1 734 | 1 413 |
Ájos Pétros | Peonía | 1 505 | 1 291 |
Néa Sánda | Kilkís | 1 693 | 1 235 |
Néa Kavála | Peonía | 140 | 1 127 |
Néo Ajonéri | Kilkís | 1 176 | 1 014 |
Kambánis | Kilkís | 1 170 | 977 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kilkis Prefecture frå Engelsk Wikipedia .